Minnar om møter Aktiv aldring - trygg heim

Bømlo kommune inviterer deg som er født i 1948, gjerne med følgje (t.d ektefelle, nabo, venn, barn) til treff med tema Aktiv aldring - Trygg heim. Treffa vert arrangert i Bømlo rådhus 28. november og Moster amfi 5. desember. Det er sett utvida påmeldingsfristar.

Treffa for Aktiv aldring - trygg heim for deg som er født i 1948 vert arrangert i kommunestyresalen i Bømlo rådhus tysdag 28. november kl. 10.00-13.30 (inngang ved Jernia) med påmeldingfrist den 20. november. Treffet i Moster amfi tysdag 5. desember kl. 10.00-13.30 har påmeldingsfrist den 27. november.  

Du vil treffe fleire fagpersonar frå kommunen knytt mellom anna til folkehelse, trening/rehabilitering, brannvern, helse og miljø samt representant frå Tenestekontoret. Det blir høve til spørsmål og dialog.

Noko som kan bli diskutert er korleis du kan halde deg frisk og aktiv, unngå skadar og ulukker, skapa ein branntrygg heim og få kjennskap til kva aktivitetar og tilbod som finst i ditt nærmiljø og i kommunen. Me er interessert i å få vite kva du meiner er viktig for at Bømlo skal bli ein god plass å bu. 

Det vert servering, utstilling og nok tid til ein god prat. Grunna servering melder du deg på til Kjersti Follesø - sms 901 44 740 eller e-post: khf@bomlo.kommune.no

PS: Hugs å gje opp namn, telefonnummer, om du har med følgje og om du treng tilrettelagt kost. 

Til toppen