Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Mogleg smittespreiing på Bømlo

Kjersti Follesø - smittevernlege. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Ein person som har vore på Bømlo har fått stadfesta Covid-19. Det er ikkje kjend kor personen har blitt smitta, men det er mistanke om at det kan ha vore på Bømlo. Det tyder at det kan vere smitte i kommunen som ikkje er kjent, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

 

To personar i smittevernutstyr for testing av Covid-19. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Smittevernlegen seier vidare at mange får berre lette eller ingen symptom, og kan spreie smitte utan å vere klar over det sjølv. Koronasentralen på Bømlo har hatt kontakt med alle nærkontaktar til den som er sjuk, og desse blir testa.

 
- Me gjer merksam på at alle som kjenner seg sjuke eller har symptom på luftvegssjukdom skal halde seg heime til dei er frisk, eller til dei har blitt testa. Koronasentralen er open måndag, tysdag og torsdag, og vil svare på spørsmål fortløpande. Me ber om at ein ikkje ringer legevakta dersom ein ikkje er sjuk og treng legehjelp, seier Follesø.
 
ALLE må vere merksam på å halde avstand og ha gode hygienetiltak, og me oppmodar folk til å ikkje oppsøke forsamlingar før situasjonen er avklart. 
 
- Dersom me får aukande smittespreiing på Bømlo, kan det bli naudsynt å innføre lokale tiltak som t.d stenging av møteplassar, understrekar smittevernlege Follesø. 
 
Sist registrerte smittetilfelle i Bømlo kommune var 1. mai.
 
Koronatelefonen Bømlo: 53 42 30 01

 

For meir informasjon - les også Sommaropen koronatelefon og luftvegsmottak

 

Sommarhelsing frå smittevernlegen

Sist endra 03.07.2020 13:15
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering