Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Musikant tildelt kulturstipendet

Kathrine Andrea Bjørnevik frå Finnås er tildelt Bømlo kommune sitt kulturstipend for 2020. Kulturstipendet er på 25.000 kroner.

Selfie - Kathrine Andrea Bjørnevik kulturstipendvinnar 2020 - Klikk for stort bilete

Årets kulturstipendvinnar er Kathrine Andrea Bjørnevik (18) som er ein aktiv musikant i Våge skulemusikklag, Bømlo janitsjar og Hordaland ungdomskorps. Ho er også instruktør for aspirantar og juniorar ved Våge skulemusikklag, og blir ofte spurt om speleoppdrag på arrangement og konsertar. Bjørnevik sitt hovudinstrument er kornett. 18-åringen ynskjer å utvikla seg innan musikk, og å kunne driva med dette også i framtida.

 
Kathrine Andrea er også aktiv i Finnås sportsklubb, der ho sit i styret i tillegg til å vera med som instruktør i turn, for aldersgruppa 1.–4. klasse. 
 
Bømlo kommune sitt kulturstipend er meint som ei spore til vidare innsats for å kunne halda fram med å utvikla seg innanfor sitt område. Kulturstipendet vart tildelt av utval for næring, innovasjon, idrett og kultur i møte den 17.11.20.  Utvalet håpar stipendet kan vera til hjelp og oppmuntring på vegen.
 
 
Sist endra 20.11.2020 09:07
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
E-post:
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering