Ny anbodsrunde

Det resterande arbeidet med å ferdigstille hovudbrannstasjonen vil lysast ut i ein anbodsrunde. Sidan konkurransedokumenta ikkje er utarbeida enno, har kommunen ikkje avgjort kva kvalifiserings- og kontraktsvilkår som vil vere gjeldande i denne anskaffingsrunden.

Når arbeidet med konkurransedokumenta er ferdig vert desse kunngjort på Doffin. Bømlo kommune har undersøkt moglegheitene for å få inn ein ny leverandør i den opphavlege kontrakten for hovudprosjektet. To kandidatar har vurdert ei overdraging, men ein har ikkje har lukkast i å einast om vilkåra for overdraginga.

God framdrift i sikringsarbeidet

I veke 6 starta Steinsbø Hus AS med sikringsarbeida på brannstasjonen. Det har vorte gjort ein del kartleggingsarbeid både i forkant og undervegs. Ein har bl.a. vore nøydd til å finne årsaka til vassintrenginga i veggkonstruksjonen som har vore eit problem medan bygget stod eksponert for vêr og vind i tida etter konkursen. Dette har resultert i ein del avklaringar som no ligg til grunn for ei heilskapleg løysing som sikringsentreprenør kan garantere for. 

Parallelt med tømrar-, blekk- og tekkingsarbeidet har portleverandør arbeidd med å montere portane på brannstasjonen. Her gjenstår noko innvendig ferdigstillingsarbeid før portmontasjen er komplett. Sikringsarbeidet rundt kontordelen er estimert til å vare ut veke 11 for kontordelen av bygget, dvs rundt den søraustlege enden av bygget. Deretter vil ein ta sikte på å ferdigstille tettinga rundt den nordvestlege enden. Alle desse arbeida er i tråd med dei overordna føringane i prosjektet, og vil gjere konstruksjonen ferdig utvendig.

Konkurs forseinkar prosjektet

Konkursbuet etter konkursen til totalentreprenør i brannstasjonsprosjektet, Haaland & Thuestad, har skrive ei midlertidig innberetning til Haugaland og Sunnhordland Tingrett. I denne innberetninga er Bømlo kommune ført opp med ei fordringsmelding, også kalla krav i konkursbuet, på nok 20.454.053,00 inkl. mva. Dette er ikkje å forstå som eit tap for kommunen som byggherre, men snarare som ei oppstilling av påløpte og potensielle meirkostnadar i samband med konkursen.

Det er for tidleg å seie noko om kva økonomisk tap kommunen vil lide som følgje av konkursen. Konkursbuet lyt først gjerast opp, inneståande/atterhaldne midlar lyt takast med i betraktning, evt. dividende også. Sidan lyt tilbod på ferdigstilling av prosjektet hentast inn.

Det er på det reine at brannstasjonsprosjektet vil verte dyrare som følgje av konkursen til totalentreprenøren. Det vil også verte forseinka. Det har allereie gått ti veker sidan konkursen. Denne tida er ikkje å betrakte som eit reint tidstap ettersom ein har hatt framdrift på den utvendige delen av bygget. Men prosjektet er likevel forseinka, og til den forseinkinga må ein også leggje til tida det tar å gå gjennom ein ny anbodsrunde med påfølgjande evaluering og kontrahering.
 

Til toppen