Ny beredskapsleiar og redningsbil

Bømlo brann og redning fornya seg både på mannskaps- og utstyrsfronten på tampen av 2018. Frode Sagvaag tok til som ny varabrannsjef/beredskapsleiar 1. desember og heilt på tampen av året kom den nye spesialdesigna redningsbilen til 1,7 millionar kroner til Bremnes brannstasjon.

Brannmann ved redningsbil. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Etter nær femten år som både rednings- og røykdykkar i Haugesund brannvern der han var formann for eit vaktlag ville stordabuen Frode Sagvaag prøva noko nytt. Sagvaag har vore feiar/brannmann sidan 1993 då han starta karrieren i Stord brannvern.

 

Han søkte og fekk jobben som varabrannsjef/beredskapsleiar i Bømlo kommune. Etterkvart vil han flytta familien med kone og fire barn på 16,13,11 og 10 år til Bømlo.

 

- Dette er min første leiarjobb og ei spennande utfordring der eg får nytta meir av meg sjølv og jobba med opplæring. Det vert litt mindre aktiv teneste no, konstaterer 43-åringen. I august skal han ta 3. og siste del av befalskurset ved brannskulen.

 

Om det vert mindre aktiv teneste vert det likevel travelt. Første veka etter nyttår var det øvingar med mannskapa ved stasjonane på Moster, Svortland og Langevåg. Før jul deltok han også i kommunen si øving på befolkningsvarsling.

 

Spesialtilpassa redningsbil

Vår nye beredskapsleiar har også vore med og utarbeidd kravspesifikasjonane til Bømlo brann og redning sin nye redningsbil til 1,7 millionar kroner.

 

- Bilen er skreddarsydd for våre behov som akutthjelpar her i Bømlo kommune, fortel beredskapsleiar Sagvaag. Blant utsyret han nemner er hjartestartar, overflateredningsutstyr, fleire røykdykkarsett og elektrisk klippeutstyr. Det erstatta det tidlegare hydrauliske klippeutstyret. Bilen har også ei eiga pumpe.

 
Brannmann syner redningsutsyr i redningsbil. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Fire personar ved skrivebordsøving for befolkningsvarsling. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Brannmann inne i redningsbil. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 09.01.2019
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 31 24
Mobil:
415 61 144
Tittel:
brannsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering