Ny kommunal og politisk kvardag 

Etter gjenopningsfesten laurdag 25. september er også den kommunale drifta og politiske kvardagen tilbake til normalen. Dette inneber at dei aller fleste restriksjonar og krav innført under pandemien no er oppheva. 

Me er no tilbake til ein normal kvardag for institusjonar og verksemder i Bømlo kommune. Blant dei viktigaste endringane er:

  • Ikkje lenger krav om ein meters avstand
  • Ikkje lenger faste besøkstider på sjukeheimane, og ikkje registrering av besøkande.
  • Ikkje naudsynt å registrere deltakarar på arrangement eller utestader
  • Ikkje avgrensing i talet på deltakarar
  • Legekontora går tilbake til vanleg praksis med pasientmottak
  • Politiske møte vert opna fysisk for publikum
  • Framleis god handhygiene
  • Hald deg heime dei første dagane ved nyoppståtte teikn til sjukdom. Det gjeld sjølv om du er fullvaksinert. Ungdom og vaksne bør ta koronatest før dei går tilbake til jobb eller skule
  • Framleis krav om isolering dersom du testar positivt på Covid-19. Ta kontakt med koronasentralen om du får ein positiv hurtigtest, for stadfesting av prøvesvar og informasjon

Opne politiske møter

Med restriksjonane knytt til avstand og tal personar som kunne samlast er oppheva vert politiske møte opna fysisk for publikum. Dermed vil alle hovudutvalsmøta frå komande politiske møterunde igjen bli haldne i formannskapssalen. Kommunestyremøta vert framleis streama og publikum er igjen velkomne i kommunestyresalen.

- Hovudutvalsmøta vert ikkje lenger overført direkte på kommunen sine nettsider slik me gjorde under pandemien. Om Bømlo kommune seinare skal ta opp att streaming av hovudutvalsmøtene må me få kome tilbake, seier ordførar Sammy Olsen.

Til toppen