Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Ny krisepakke for frivilligheita 

Ein ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar.
Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med COVID-19-utbrotet. 

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020.                    Firvillig-samfunnsoppdrag-750x456.png - Klikk for stort bilete
Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.

 

Søknadsfristen er 15. september.  

  

Det kan søkjast om:  

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (for eksempel tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter).  
    Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmene, besøkande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.  
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (for eksempel museer, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg). 
    Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkande i den gjeldande perioden.  
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).  
     
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilknyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.  

Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.  

(https://lottstift.no/ny-krisepakke-for-frivilligheita-2/) 

Sist endra 28.07.2020 14:47
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering