Ny oppfriskningsdose med koronavaksine til dei som er 75 år og eldre

Sjølv om smitteutviklinga framover er usikker så meiner FHI at det kan bli ein aukande smitte i løpet av dei neste månadane. For å beskytte dei som kan bli ramma hardt av ei ny smittebølge anbefaler FHI ein ny oppfriskningsdose med koronavaksine til dei som er 75 år og eldre.

Dei eldste og sjukeheimsbebuarar som tok 4. dose i fjor sommar og tidlig haust kan no ta ein ny oppfriskningsdose. Det bør gå 6 månadar mellom dosane. Dei som ynskjer ny dose bør oppsøkje tilbodet i løpet av april for og sikre tilstrekkelig intervall til den planlagde haust- dosen. FHI ser det som sannsynlig at same aldersgruppe vil ha behov for en ny oppfriskningsdose til hausten, før vintersesongen 2023-24.  

- Me kallar ikkje aktivt inn til time. Om ein ynskjer ein ny dose med koronavaksine, så tar ein kontakt på vaksinetelefonen - 53 42 30 01 (open kvardagar mellom kl. 09.00 – 11.00) eller så kan du sende ein e-post til vaksine@bomlo.kommune.no. Vaksineringa vil bli gjennomført på Bremnes helsestasjon, opplyser leiande helsesjukepleiar Liv Turid Steinsbø Halbmayr .

Vaksinetelefonen 53 42 30 01   Vaksine@bomlo.kommune.no

Meir informasjon om vaksiner og korona

Til toppen