Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Nye besøksreglar på institusjonane

Frå 8. mai innførte institusjonane i Bømlo kommune nye besøksreglar. Dei viktigaste er at ein må avtale møte med avdelinga på førehand og at møta skjer utandørs, eller med besøk på rommet for alvorleg sjuke. Alle smittevernreglar må følgjast.

 

Dame spelar gitar for eldre. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Frå 8. mai gjeld følgande reglar for besøk ved institusjonane i Bømlo kommune: (jfr. Helsedirektoratet sin vegleiar)

• Avtal tidspunkt for besøk med avdelinga på førehand. 
• Pasientar som er i stand til å ta imot besøk utandørs, kan treffa pårørande utanfor institusjonen
• Pasientar som er alvorleg sjuke, eller av andre grunnar ikkje er i stand til å møta pårørande utandørs, kan ta imot besøk på rommet.
 
Smittevernrutinane må ivaretakast både ute og inne:
• Pårørande som har vore i utlandet, eller har hatt symptom med feber, sår hals og hoste dei siste 14 dagane kan ikkje treffa pasientar verken ute eller inne
• For å letta arbeidet med eventuell smittesporing dersom smitte kjem inn i sjukeheimen, må det dokumenterast kven som har vore på besøk
• Besøkjande må vaske/sprite hendene før og etter besøket. Sjukeheimen legg til rette for at handsprit er tilgjengeleg
• Her, som elles i samfunnet, må ein halde avstand. Me opprettheld 2 meter avstand til tilsette og til pasient.
• Kvar pasient kan ta imot 1 besøkjande inne. Utandørs kan ein ta imot fleire (obs.avstand)
• Besøkstid: 11.00 – 12.30 og 16.30. – 18.00
 
For alvorleg sjuke og terminale pasientar vil det gjerast unntak frå besøksrestriksjonane i samråd med avdelinga.
 
NB: Ved auka smittespreiing i samfunnet, kan det verte naudsynt å stramme inn.
 
 
Sjå også heimesidene til:
 
 
 
Sist endra 18.05.2020 10:09
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering