Nye gatelys på Løkkevegen

Arbeid med oppsett av fem nye gatelys på Løkkevegen på Våge startar måndag 9. mai om alt går etter planen. 

- Det vert lagt veglyskabel i grøft, men vegen er planlagt halden open under anleggsperioden, opplyser driftsingeniør Stein Erik Lyslo ved Park, grønt og samferdsle i Bømlo kommune. Det kan bli stans i trafikken i opptil 20 minuttar for å unngå skadar når entreprenøren Engevik & Tislevoll AS skal rulla ut kabeltromler.

Raud strek på bilete syner kvar gatelysa vert sett opp.

raud strek på bilde av bustadfelt med fjell i bakgrunnen - Klikk for stort bileteRaud strek syner kvar nye gatelys vert sett opp i Løkkevegen på Våge. Geir Einarsen  

Til toppen