Nye ladepunkt for kommunale tenestebilar
Frå 25. oktober starta Bømlo kommune installering av nye elbil-ladarar for tenestebilar ved fleire kommunale bygg. Ved Rådhuset vert dei gamle ladepunkta bytta ut med nye. Dei nye ladepunkta er reservert for tenestebilar, og vil ha tilgang via brikke-system.
Bømlo kommune sine tenestebilar vil dei neste månadane bli bytta til elbilar. Dette er ein del av vår klimapolitikk. Her kjem nye/oppgraderte ladepunkt reservert kommunale tenestebilar:
- Rådhuset, Svortland - 4 stk. (Ikkje lenger tilgjengeleg for alle)
- Bømlo helsehus, Svortland - 20 stk.
- Kulturhuset/NAV, Svortland - 6 stk.
- Teiglandshagen, Mosterhamn - 2 stk.
- Bømlo omsorgstun, Langevåg - 2 stk.
Sist endra26.10.2021 10:41