Moster legekontor var ein god arbeidsplass med mange flotte kollegaer for meg i 45 år. No har dei fått ein velfortent og fantastisk ny arbeidsplass, konstaterte Berit Laila Ersland. Sjukepleiar Ingeborg R. Sortland og lege Torhild Taraldsøy hjalp til under snorklyppinga. Etterpå fekk kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal og andre inviterte gjester ei omvising i eit lyst, fargerikt og logistisk sett praktisk lokale for nybygget som husar legekontor og helsestasjon.
Prosjektet held seg innanfor den økonomiske ramma på 26,5 millionar kroner. Her er fire legekontor, helsestasjon, skadestove, ekg-rom, laboratorium, herre- og damegarderobar, personalrom, venterom, auditorium og andre spesialrom. Ambulansemottaket har skjerma inngang på baksida av bygget. Engelsen bygg hadde totalentreprisen, og bygget er teikna av Abo Plan og Arkitektur. Byggherre er Grunnavågen Eiendom.
Viktig for heile Bømlo
Leiar for legetenesta i Bømlo Tove Britt Digernes og prosjektleiar John Nordseth Nesse har leia prosjektarbeidet. Begge to fekk mykje fortent og gav mykje ros tilbake til alle samarbeidspartnarar. Det vart delt ut blomar og servert snittar og marsipankaker i Servicebygget på Moster. Kommunalsjef Mellesdal rosa og takka alle for innsatsen.
- Dette er eit viktig bygg for Moster, men også for heile kommunen då her kjem pasientar frå Rubbestadneset, Bremnes og Søra Bømlo. No har me løyst utfordringa med Moster og Langevåg, og me har gode planar for Bremnes-området, sa han mellom anna under samlinga.
Ordførar Sammy Olsen gratulerte både Moster og heile Bømlo med nybygget. - Heile Norge slit med å skaffa nok fastlegar. Me kan ikkje venta på at staten skal løysa dette for oss. Me må tenkje på Bømlo. Ved å laga gode arbeidsplassar og gode fasilitetar skaffar me oss eit konkurransefortrinn i rekrutteringa, understreka han.