Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Nye positive koronaresultat på Bømlo

- I går ettermiddag og i dag fekk me melding om at to personar har testa positivt på Covid-19. Vedkomande er i isolasjon, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo kommune. 

I testlaben står Julie Teige (t.v) og Synnøve Sørvik. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Smitteveg er framleis ukjend i det eine tilfellet, men smittesporing pågår. Nærkontaktar er i karantene og vil bli testa i løpet av helga. Det andre tilfellet gjeld ein person i innreisekarantene og har ingen nærkontaktar. Vedkomande er i isolasjon og vert fulgt opp, opplyser smittevernlege Kjersti Follesø.
 
- Me har etablert eit tettare samarbeid med nabokommunane våre Stord og Fitjar, og kommunal kriseleiing følgjer situasjonen tett i tråd med gjeldande beredskapsplanar, seier Aga Gjøsæter. 
 
Han minnar om kor viktig det er at me alle no er ekstra påpasselege med å følgja smittevernråda og dei nasjonale retningslinjene framover:
  • Vask hender
  • Hald avstand
  • Ha færrast mogleg nærkontaktar
  • Hald deg heime om du er sjuk 
Bømlo koronatelefon 53 42 30 01 har ope måndag-fredag 08.30-11.30 og 13.00-14.30
 
Men før du ringer – sjekk deg på http://www.koronasjekk.no
 
NB: Ha personnummer klart for dei som skal testast.
 
 
 
 

Saman kan me hindra smittespreiing –

ta vare på kvarandre! 

Sist endra 21.11.2020 12:14
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering