Nykomar susar inn

Nykomaren Industri- og næringspartiet (INP) er årets store valvinnar og susar inn i Bømlo kommunestyre med fire mandat og 12,8 prosent oppslutnad, og dermed femte største parti. Spenninga no knyt seg til kven som blir vår ordførar og varaordførar i perioden 2023-2027 og kva 27 representantar som kjem inn i kommunestyret og formannskapet. 

graf over røystetal bømlo kommunestyreval 2023 - Klikk for stort bileteSkjermdump av valgresultat.no for Bømlo kommune. skjermdump valgresultat.no

Valdeltakinga i årets kommunestyreval var kring 66,8 prosent mot 69,2 prosent i 2019. Tolv parti stilte lister, med INP som den einaste nykomaren i høve valet i 2019. Det er 9 276 personar med røysterett i Bømlo kommune, og 66,8 prosent av desse har nytta seg av denne retten. Godkjende førehandsrøyster er 2 288 som utgjer 37,4 prosent av røystene.  Alle røystene er ikkje talt opp, og det kan kome endringar etter dei seint innkomne førehandsrøystene frå andre kommunar er talde opp tysdag kveld.

Sjå meir om valresultatet i Bømlo kommune 2023 - valgresultat.no

Høgresida mest fram

Framstegspartiet (Frp) aukar med eitt mandat og får fire representantar. Med ein auka oppslutnad på 4,9 til 15,2 prosent kan dei og kalla seg ein valvinnar. Kristeleg folkeparti (KrF) aukar med 3,4 til 19,8 men står framleis med fem representantar i kommunestyret. Høgre og Arbeidarpartiet mistar eitt mandat kvar, frå høvesvis 7 til 6 (- 3,5%)  og 5 til 4 (-5,2). Taparane er venstre og Miljøpartiet dei grøne som mistar sitt mandat og eine representant i kommunestyret den komande perioden. Sosialistisk venstreparti (SV) og Konservativt (K) (tidlegare Partiet De kristne) held begge på sitt eine mandat. Ordførar Sammy Olsen og Senterpartiet er no inne med to mandat, mot tre etter valet i 2019. Dei er nærast å mista eitt mandat medan KrF er nærast å vinna eitt mandat. Om KrF vinn eitt mandat er dei jamstore med Høgre og begge får seks representantar i kommunestyret.

Godt gjennomført val

-  Valgjennomføringa har gått knirkefritt, stadfestar valansvarleg Jorunn Alise Steinsvåg i Bømlo kommune. Valmedarbeidarane i fellesekretariatet, ikt-avdelinga og våre kring 60 valmedarbeidarar i dei åtte valkrinsane har alle gjort ein fantastisk innsats, understrekar valgeneralen. No er det berre oppteljing av seint innkomne førehandsrøyster og finteljinga av personrøyster og slengjarar som står att. 

- Det har vore eit jamt sig og bra oppmøte gjennom dagen. Mange har førehandsrøysta og det er ikkje sundagsval i år, så det er vanskeleg å seie om valdeltakinga blir større i år enn ved sist kommunestyreval, seier valmedarbeidar Ingvald Rune Wangenstein Baugstø. Han har vore med på fleire val i Svortland krins som valfunksjonær og passa på valurna i gymsalen på Svortland skule. Han registrerte god stemning og blide veljarar, og hadde eit håp om betre valoppmøte enn ved førre val.

Foldrøy krins var den første av våre åtte krinsar som leverte røystesetlane. Valmedarbeidarane Siw Monica Folgerø-Holm og Siw Våge Nilsen leverte kassen til Jenny Aanderaa og Vibeke R. Sortland i valsekretariatet på kommunehuset måndag kveld. - Me opplevde eit jamt sig av veljarar og det var god stemning, fortel Folgerø-Holm.

Kven som blir ordførar og varaordførar får me truleg vite før det konstituerande kommunestyremøtet måndag 16. oktober då ordførar, varaordførar og formannskap vert formelt valde blant kommunestyrerepresentantane for den komande fireårsperioden. Samansetnaden av formannskapet er proporsjonal i høve til den styrke dei ulike partia har i kommunestyret. 

Les meir om kommunestyre og formannskap i Store norske leksikon

Alt om valet 2023 i Bømlo kommune

Til toppen