Bømlo kommune har teikna leigekontrakt med Hellvik Eigedom AS for leige av det nye legesenteret på Svortland. Det nye legesenteret skal ha 10 legekontor med plass til dei fem legane som i dag held til på Kystlegane samt fem nye legekontor. Det ligg inne opsjon på to ekstra legekontor på noko lengre sikt.
Tidsmessig og framtidsretta løysing
For snarleg å finna ei løysing for fleire legekontor i sentrum vedtok formannskapet før sommaren å lysa ut ein anbodskonkurranse. Her vart det lyst ut ein leigekontrakt knytt til eit legesenter i Svortland sentrum definert som aksen mellom rundkøyringa i Hollundskjosen og rundkøyringa ved Klippen. I krava kjem det fram at det nye legesenteret skal sørgje for ei tidsmessig og framtidsretta løysing, fremja rekruttering, bidra til auka kvalitet og rimelege driftskostnadar. Lokala skal vere universelt utforma og fremja miljøvenlege løysingar.
Legesenteret skal innehalda rom og funksjonar etter kravspesifikasjon utarbeidd av ei prosjektgruppe i samarbeid med arkitekt. Gruppa var samansett av personell med medisinskfagleg kompetanse, hjelpepersonell og representantar frå leiinga. I anbodskonkurransen vart pris og kvalitet vekta med 50 prosent kvar. Prosjektgruppa har vurdert oppgåveforståing, funksjonalitet og logistikk i lokala, universell utforming, særlege miljøomsyn utover minstekrav, estetikk/design, logistikk og trafikk i og utanfor bygget.
Fire tilbydarar
Fire tilbod vart levert innan fristen. Utanom Hellvik Eigedom AS deltok også Steinsbø Hus AS, Steinsbø Eigedom AS og Caiano Eigedom AS i anbodskonkurransen. Tilboda vart evaluert over ein periode på seks veker. Hellvik Eigedom AS vart kåra som vinnar av konkurransen etter å ha skilt seg ut med det beste tilbodet med omsyn til pris og kvalitet. Tildelingsbrev vart sendt 20.10.2023 med utløp av karenstida den 3.11.2023.
Leigekontrakten skal gå over 15 år, med opsjon på ytterlegare 5 års forlenging. Lokala skal leverast «nøkkelferdig» og må vere innflytting- og driftsklare innan utløpet av desember 2024. Eksisterande leigeavtale for Kystlegane skal erstattast av leigeavtale for nytt legesenter.