Nytt om trygt og godt skulemiljø

Grunnskulane i Bømlo har no fått ein  knapp på nettsidene sine kalla "Meld frå om skulemiljø". 

Skulemiljøknapp kvadrat - Klikk for stort bilete

I august 2017 trådte endringar i Opplæringslova 9A i kraft. Skulane har fått ei aktivitetsplikt for å sikra at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har 5 delplikter:

  1. Plikt til å følgje med.
  2. Plikt til å gripe inn.
  3. Plikt til å varsle.
  4. Plikt til å undersøkje.
  5. Plikt til å setje inn tiltak.  

Dersom elevar, føresette, tilsette eller andre på skulen avdekkjer at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, kan ein no nytte denne raude knappen "Meld frå om skulemiljø" for å melde frå om det.

 

 

 

Sist endra 31.10.2017 08:19
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 66
Mobil:
953 66 282
Tittel:
skulefagleg rådgjevar
Bunnhjørne
 
Login for redigering