Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Nytt smittetilfelle på Stord – dette gjer Bømlo kommune

Prøve for korona. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Stord kommune meldar at ein elev ved idrettslinja ved Stord vidaregåande skule har testa positivt, og kommunen er i gang med smitteoppsporing. Dersom det er personar som er busett på Bømlo blant desse, vil også dei bli kontakta. 

Stord kommune meldar at ein elev ved idrettslinja ved Stord vidaregåande skule har testa positivt, og kommunen er i gang med smitteoppsporing. Smitteoppsporingsteamet på Stord vil saman med den smitta kartlegge kven som er nærkontaktar og kan ha vore utsett for smitte i den tida eleven var smittsam. Desse vil bli kontakta. 

 

Frå Bømlo?

Dersom det er personar som er busett på Bømlo blant desse, vil også dei bli kontakta. Om nokon meiner at dei har hatt nærkontakt med den smitta, skal dei halde seg i karantene og vente på at dei blir kontakta. Om dei likevel ikkje høyrer noko i løpet av helga, kan dei ta kontakt med koronatelefonen 53 42 30 01 måndag morgon for testing. 
 
Sist endra 04.09.2020 15:09
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering