Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Nytt smittetilfelle

- I går ettermiddag fekk me melding om at ein person har testa positivt på Covid-19. Vedkomande er i isolasjon og nærkontaktar er i karantene. Det er ingen risiko for smittespreiing, seier smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune. 

To personar utfører koronatest på person sitjande i bil. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Prøven vart teken rutinemessig i samband med arbeidsoppdrag. Personen er innleigd frå utlandet til ei lokal verksemd og har vore i karantene sidan han kom til Bømlo i tråd med gjeldande retningslinjer. 

 
- Me ber lokale verksemder om å vere ekstra merksame på desse rutinane framover, og det er noko kommunal kriseleiing også har høgt oppe på si saksliste, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.
 
Sist endra 19.10.2020 11:22
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering