Nyttig dialogmøte med bygg- og anleggsnæringa

- Mange gode innspel, både ris og ros frå bygg- og anleggsnæringa. Det var det me ville oppnå med dette dialogmøtet, seier kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland.

Eit tjuetals representantar frå bygg- og anleggsnæringa på Bømlo møtte i kommunestyresalen til dialogmøtet med kommunen fredag 29. oktober. Praktisk arrangør og leiing av workshopen var det Atheno som stod for. Seksjonen for samfunnsutvikling var veldig godt representert, og heldt fleire innlegg før workshopen.  

- Kommunen treng at de er kritiske og stiller spørsmål. Me er ute etter å ha eit godt samarbeid, oppmoda kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i si velkomsthelsing. Han orienterte kort om kommunen si rolle og samarbeidet med fylkeskommune og statsforvaltar.

Kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland orienterte kort om kommunale prosjekt før samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker informerte om samfunnsdelen og Renate Torkelsen om framdrifta i arealdelen til kommuneplanen. Fagleiar på plansak, Elisabeth Gjerde, orienterte om innføringa av det nye digitale saksbehandlingssystemet e-byggesak.

Krevjande tilpassingar

- Korleis tilpassa nye krav og nasjonale føringar til våre gamle planar er det mest krevjande. Målet for oss alle er ei raskare og meir effektive saksgang. Då er me nødt til å bli god på samhandling, og me ser helst at all kontakt går via ansvarleg søkjar i prosjekta, oppmoda Gjerde.

- Me må kome betre i takt med kvar og korleis folk ynskjer å bu, for det kan ikkje me politikarar avgjere, påpeika ordførar Sammy Olsen. Kommunedirektøren påpeika i denne samanheng utfordringa me vil få innan oppvekst- og helsesektoren med budstadplanlegging med omsyn til typar hus og kvar folk ynskjer å bu når me framover vil bli færre yngre og fleire eldre.  Dette vart fulgt opp med mange spørsmål om tidsplan for ferdigstilling av arealdelen i kommuneplanen, byggjereserven i kommunen, strandsone og byggjegrenser her med meire før workshopen.

- Me fekk mange gode innspel om føresegner til reguleringsplanar og kva forventningar næringa har til kommuneadministrasjonen. Både ris og ros, og det var nettopp det me var ute etter. Veldig vellukka dialogmøte synes eg, avrunda Stavland.

Kommunen vil framover leggje opp til årlege dialogmøter der fylkeskommunen, statsforvaltaren og fleire frå politisk hald òg vil bli inviterte til å delta.

mann og kvinne står føre forsamling - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland i dialogmøte med bygg- og anleggsnæringa i kommunestyresalen. Simon Knutsson Sortland  

Til toppen