Offentleg ettersyn reguleringsplan for næringsområde Lehamn gnr./bnr. 154/4 Brandasund

Framlegg til reguleringsplan for næringsområde Lehamn gnr./bnr. 154/4 Brandasund vert lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist14. juni.2021.

Utval for areal og samferdsel har i møte den 21.04.2021, i sak PS 31/21, vedteke å leggje ut framlegg til reguleringsplan for næringsområde Lehamn gnr./bnr. 154/4 Brandasund PlanID 202008 med tilhøyrande reguleringsføresegner og planomtale m.m. til offentleg gjennomsyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12-10. 

Gje dine innspel/merknadar til planen her

Planleggjar Gøtz AS har på vegne av forslagsstillar Lehamn Sameige levert framlegg til privat detaljreguleringsplan for næringsområdet Lehamn på Selsøy. Planområdet er på ca. 4,7 daa. og omfattar kombinert næring/tenesteyting, småbåtanlegg i sjø, køyreveg, parkering og friområde. Hensikten er å dela opp eigedomen, og å utvida eksisterande næringsverksemd. Det skal etablerast bevertnings-/kurslokale, nye driftsbygg, naust/lager og to utleigebygg med tilhøyrande parkering, kai og småbåtanlegg. 
plankart næringsområde lehamn i brandasund. kartillustrasjon - Klikk for stort bilete Götz AS

Kommuneplan

Området er sett av til område for framtidig fritids-/turistføremål og grøntstruktur. Arealformålet fritids- og turistformål skal nyttast for område med hytter til utleige og andre typar overnattingsanlegg som blir drive i ein kommersiell samanheng. Arealformålet gjev soleis ikkje høve til å utvida drifta med lager til fiskeridrift, kontor/driftsbygning, bevertning og undervisning/kurslokale. Det blei derfor oppmoda til å nytta kombinert nærings- og tenesteytingsformål

Merknadsfrist 14. juni 2021

Planframlegget blir sendt ut digitalt på høyring, og er utlagt til offentleg ettersyn på Bømlo Rådhus 5430 Bremnes frå 28.04.2021 til 14.06.2021. Det vil i det tidsrommet vera høve til å gje fråsegn til planframlegget. 

Eventuelle merknadar til planframlegget må sendast til Bømlo kommune Arealbruk, 5430 Bremnes, eller elektronisk på postmottak@bomlo.kommune.no

Høyringsframlegg til privat reguleringsplan for næringsområde Lehamn (PDF, 3 MB)

Plankart (PDF, 232 kB)

Føresegner  (PDF, 323 kB)

Planomtale (PDF, 3 MB)

Oppstartsmelding (PDF, 275 kB)

Merknadar oppstart (PDF, 3 MB)

VA-skisse (PDF, 185 kB)

Illustrasjonsplan (PDF, 180 kB)

Flyfoto (PDF, 3 MB)

Overordna plan (PDF, 471 kB)

Oversynskart (PDF, 332 kB)

Aviskunngjering (PDF, 426 kB)

Til toppen