Offentlege høyringar - aktuelle saker

Kommunedelplan for helse, sosial og omsorg 2022-33 lagt ut på høyring

Utval for levekår har i møte 15.11.22 sak 40/2022 gjort vedtak om å leggja kommunedelplan for helse-, sosial- omsorg 2022-33 ut på høyring. Høyringsfrist er 2. februar 2023.

Dette er ei revidert utgåve av kommunedelplan for helse- sosial- omsorg i Bømlo 2017-27. Den reviderte planen skal gjelda frå 2023 og beskriv utfordingar, mål og strategiar for utvikling av tenestene fram mot 2033. Det blir i tillegg laga årlege handlingsplanar. Tittel på planen er «Skal me bevara må me endra». Det er gjort mange endringar i rett retning i førre planperiode, men det blir vurdert behov for å auka endringstakt og i større grad gjera prioriteringar. Skal Bømlo kommune kunna tilby nok tenester av god kvalitet i framtida må me våga å tenkja nytt om tenesteyting, kommunen si rolle og samspelet med samfunnet.

Høyringsfrist er 2. februar 2023

Gje innspel til planprogrammet (via digitalt skjema)

Alternativt kan merknadar sendast til på papir til:
Bømlo kommune,
Rådhuset, Leirdalen 1,
5430 Bremnes

eller på e-post til:
postmottak@bomlo.kommune.no

Til toppen