Offentleg ettersyn av framlegg til detaljreguleringsplan for fritidsbustadområde Fylkesnestrædet 113/7 mfl. Fylkesnes planID 201811

 Utval for areal og samferdsel har i møte 01.09.2021, i sak PS 61/21, gjort vedtak om at framlegg til detaljreguleringsplan for fritidsbustadområde Fylkesnestrædet skal leggjast ut til offentleg ettersyn. 

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for eit rorbuområde i Mælandsvågen. Det blir lagt opp til ein utbygging med opp til 11 rorbuer, med tilhøyrande trafikkareal og småbåtanlegg. Planområdet er på ca. 8,6 dekar. For meir informasjon sjå planframlegget med vedlegg under.

Planframlegget ligg ute til offentleg ettersyn frå 08.09.2021 til 20.10.2021. Det vil i dette tidsrommet vera høve til å gje fråsegn til planframlegget.

Gje dine merknadar til planen her

Fråsegn kan sendast inn via kommunen sin skjemaløysing, på mail til postmottak@bomlo.kommune.no eller i brev til Bømlo kommune v/Aealbruk, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.

Til toppen