Offentleg ettersyn av framlegg til detaljreguleringsplan for Nedrebø naustområde 6/74 mfl. Finnås, planID 202005

Utval for areal og samferdsel har i møte 17.11.2021, i sak PS 85/21, gjort vedtak om at framlegg til detaljreguleringsplan for Nedrebø naustområde skal leggjast ut til offentleg ettersyn.

Reguleringsplankartet  

Føremålet med reguleringsplanen er å utvikla naustområdet i tråd med kommuneplanen. Det er regulert inn seks naust med tilhøyrande kai, småbåtanlegg og bølgjebrytar. Planområdet ligg på i Finnås, og er på ca. 7,9 dekar inkludert veg- og sjøareal.

Planframlegget ligg ute til offentleg ettersyn frå 6.01.2022 til 16.02.2022. Det vil i det tidsrommet vera høve til å gje fråsegn til planframlegget.   

Gje dine innspel/merknadar til planen her

Fråsegn kan sendast inn via kommunen sin skjemaløysing, på mail til postmottak@bomlo.kommune.no eller i brev til Bømlo kommune v/Aealbruk, Leirdalen 1, 5430 Bremnes.

Til toppen