Koronavirus - informasjon

Siste nytt om koronasituasjonen

Vaksinetelefon
53 42 30 02

Ope kvardagar kl. 13.00-15.00
Vaksinering skjer onsdag og torsdag.

Vaksineregistrering

Les meir om opningstider i sommar

Koronatelefon
53 42 30 01

Ope måndag-onsdag-fredag

Tlf.tid: 08.30-11.30. Testing frå kl. 12.00

Information in other languages

 

Offentleg ettersyn detaljregulering for bustadområde Hollund 89/214 m.fl. Hollund planid 202002

Framlegg til detaljregulering for bustadområde Hollund 89/214 m.fl. Hollund planID 202002 vert lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist 04.08.21.

Utval for areal og samferdsel har i møte den 02.06.21, i sak PS 47/21, vedteke å leggje ut framlegg til detaljregulering for Hollund bustadområde 89/124 m.fl. Hollund planID 202002 med tilhøyrande reguleringsføresegner og planomtale m.m. til offentleg gjennomsyn i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.

Klikk for stort bileteFramlegg til plan for bustadområde Hollund   

Gje dine merknadar til planen her

Planleggjar Gøtz AS har på vegne av forslagsstillar Bømlo Boligutvikling utarbeida framlegg til detaljregulering for Hollund bustadområde. Administrasjonen har gått gjennom innsendinga, og funne framlegget til plan tilfredsstillande til å leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn.

Planområdet er på ca. 14,6 dekar, og legg til rette for ei utbygging av ca. 24 nye bustadeiningar med tilhøyrande trafikk- og leikeareal.

Planen er i hovudsak i samsvar med overordna plan, og svarar til dei krav og forventningar kommunen har til eit sentrumsnært bustadområde. Det er teke høgde for tilkomst og opparbeiding av området, og gjort analysar av trafikkstøy for å komma fram til eit framlegg til plan. Det er gjort grundige utgreiingar på planen sine fysiske og samfunnsmessige konsekvensar. Vidare er det ikkje komme inn merknadar til oppstartsvarslinga som framlegg til planen ikkje imøtekjem på ein tilfredsstillande måte.

Planframlegget vert sendt ut digitalt på høyring til røyrte partar og relevante offentlege mynde, og er utlagt til offentleg ettersyn på Bømlo Rådhus 5430 Bremnes og på nett frå 09.06.2021 til 04.08.2021.

 

Har du spørsmål?

Thorleif Thormodsen Lea
sakshandsamar
E-post
Telefon 53 42 31 65
Til toppen