Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Offentleg gjennomsyn fritidsbustadområde Vestre Vågen gnr. 8, bnr. 41 mfl. Håvik ytre

Framlegg til privat detaljreguleringsplan for fritidsbustadområde Vestre Vågen gnr. 8, bnr. 41 mfl. i Håvik ytre vert lagt ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 27. mars 2021.

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_Planforslag 30.11.20 kart - Klikk for stort bilete Gøtz AS  Utval for areal og samferdsel har i møte 13.11.2019 sak PS 98/19 vedteke samrøystes å leggje ut framlegg til privat detaljreguleringsplan for fritidsbustadområde Vestre Vågen gnr. 8, bnr. 41 mfl. Håvik ytre datert 30.11.2020 med tilhøyrande reguleringsføresegner til offentleg gjennomsyn i medhald av Plan‐og bygningslova §12‐10.

Gje dine innspel/merknadar til planen her

Kommuneplan 

I gjeldande kommuneplan er området vist som noverande fritidsbebyggelse og noverande andre typer bebyggelse og anlegg i sjø (småbåtanlegg). Eksisterande tilkomstveg ligg i område som er vist som LNFR‐område og LNFR‐spreidde bustader. Tiltaket utløyser krav til reguleringsplan jf. føresegner til kommuneplan § 3.1.4 som seier: «I eksisterande fritidsområde skal det utarbeidast detaljplan før utbygging for område der det er plass til meir enn 3 fritidsbygg i rekkje». Tiltaket her vil såleis vera i tråd med gjeldande kommuneplan. 

Planforslaget 

Området er ikkje regulert tidlegare. Planen grensar til pågåande reguleringsplan for fritidsbustader Buaskjeret 8/95 mfl. Håvik ytre, planid 201713. Forslagsstillar er Frode Litlabø mfl. Planområdet er totalt ca. 18 daa. 

Merknadsfrist 27. mars 2021

Planframlegget er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Bømlo Rådhus, 5430 Bremnes i tida 13.02-27.03.2021.Eventuelle merknader vert å senda Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset,  Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_Vedtak offentleggjering (PDF, 333 kB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_201721_Føresegner 30.11 (PDF, 550 kB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_Planforslag 30.11.20 (PDF, 738 kB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_201721_Planomtale 30.11 (PDF, 8 MB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_201721_Strandsonevurdering 18.11 (PDF, 2 MB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_201721_Fortøyningsplan 18.11.20 (PDF, 281 kB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_201721_VA 18.11.20 (PDF, 286 kB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_kart kommuneplan (PDF, 301 kB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_kart oversikt (PDF, 2 MB)

Fritidsbustader Vestre Vågen. 841 m.fl. Håvik ytre_201721_ortofoto (PDF, 2 MB)

Til toppen