Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Offentleg høyring fritidsbustader Kjerkalevik 137/19 mfl. Nese nordre 

Framlegg til privat detaljreguleringsplan for fritidsbustader på Kjerkalevik 137/19 mfl. Nese nordre datert 21.12.2020 med tilhøyrande reguleringsføresegner vert lagt ut til offentleg gjennomsyn med merknadsfrist 27.03.2021.

plankart fritidsbustader Kjerkalevik - Klikk for stort bilete Multiconsult Utval for areal og samferdsel har samrøystes i møte 27.01.2021 sak PS 6/21 vedteke å leggje ut framlegg til detaljreguleringsplan for Kjerkalevik 137/19 mfl. Nese nordre i Bømlo datert 21.12.2020 med tilhøyrande reguleringsføresegner til offentleg gjennomsyn i samsvar med Plan og bygningslova §12‐10.

Planlegg Bømlo AS v/Onarheim har på vegne av Leif Gunnar Våge mfl. sendt framlegg til detaljreguleringsplan for gnr. 137, bnr. 19 mfl.  til  fritidsbustadføremål med tilhøyrande tilkomstveg, parkeringsplassar, kaiar og småbåtanlegg.

Gje dine innspel/merknadar til planen her

Kommuneplan 

Området er ikkje regulert frå før, men er i gjeldande kommuneplan for Bømlo 2013‐2025 vist som område for noverande fritidsbebyggelse, noverande LNFR‐areal og noverande LNFR‐ areal spreidde bustader. I sjø er området vist som noverande andre typer bebyggelse og anlegg (småbåtanlegg) og noverande bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone. Sidan det er plass til meir enn 3 fritidsbygg i området utløyser tiltaket krav til reguleringsplan jf. føresegner til kommuneplan § 3.1.4 «I eksisterande fritidsområde skal det utarbeidast detaljplan før utbygging for området der det er plass til meir enn 3 fritidsbygg i rekkje». Planområdet er totalt ca. 28 daa.

Merknadsfrist 27. mars 2021

Planframlegget er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Bømlo Rådhus, 5430 Bremnes i tida 13.02-27.03.2021.Eventuelle merknader vert å senda Bømlo kommune, Arealbruk, Rådhuset,  Leirdalen 1, 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre 201724_Vedtak offentleggjering (PDF, 328 kB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre 201724_Føresegner (PDF, 688 kB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre 201724_Illustrasjon (PDF, 126 kB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre 201721_Planforslag 30.11.20 (PDF, 2 MB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre 201724_Planomtale (PDF, 3 MB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre 201724_ROS-analyse (PDF, 171 kB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre 201724_Strandsonekartlegging (PDF, 3 MB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre 201724_VA plan (PDF, 927 kB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre flyfoto (PDF, 3 MB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre kart kommuneplan (PDF, 500 kB)

Kjerkalevik 137_19 mfl. Nese nordre kart oversikt (PDF, 2 MB)

Til toppen