Oppstart av arbeid med rullering av kommuneplanen sin arealdel

Bømlo kommune skal no starta opp arbeidet med å rullera kommuneplanen sin arealdel. Planprogram som legg premissane for rulleringa blei vedteken i kommunestyret i møte 15.02.2021 sak PS 5/21. På bakgrunn av dette inviterer me no alle interesserte til å levera generelle merknadar og konkrete innspel til prosessen. Frist for å gje innspel er 30. mai 2021.

Me ønskjer særleg tilbakemelding på:

  • Konkrete innspel til ny arealbruk. Sjå planprogram for nærare omtale av dei enkelte arealformåla. Bruk helst kommunen sitt innspelsskjema
  • Forbetringar i føresegnene til planen
  • Prinsipp for framtidig utvikling og arealbruk

Slik deltek du:

Grendeutval
Grendeutval får frist til å komma med sine innspel til 31.08. Slik kan grendene gjennomføre opne møter i grendene etter sommaren. Grendene sine innspel skal ikkje vera knytt til konkrete eigedommar, men vise kva grendene meiner ein må vektleggja i arealplanen for å få ei berekraftig utvikling av grenda. Me oppmodar publikum til å involvera seg aktivt i sitt grendeutval slik at det best mogleg kan representera sin grend.

Skriftlege innspel
Skriftlege innspel og merknadar kan sendast som brev eller e-post til Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1 5430 Bremnes eller postmottak@bomlo.kommune.no.

Innspel som gjeld konkrete eigedommar bør innehalda kva gards- og bruksnummer det gjeld, kva arealformål området har i gjeldande plan og kva arealformål som er ønska. Legg også ved kart som tydeleg illustrerer kva innspelet går ut på. Til slutt bør alle grunneigarar som blir direkte råka av innspelet skriva under, eller førast opp i det digitale skjemaet.

Me har eit eige skjema for innspel på kommunen sine heimesider. Me oppmodar alle til å nytta skjemaet for innspel som gjeld konkrete eigedommar, då det forenklar behandlinga og sikrar at naudsynt informasjon for å behandla innspelet følgjer med.

Kom med innspel til arealdelen av kommuneplanen

På denne linken finn du eit  utval av kartbasar som kan nyttast til å utforma innspel.

Viss du allereie har sendt inn innspel vil desse bli behandla på lik line med det som kjem inn under innspelsperioden. Har det skjedd endringar i tilhøva rundt eit eldre innspel ber me om at du sender inn eit nytt.

På denne linken finn du planprogrammet og anna informasjon om prosessen. Meir informasjon kan ein få tilsendt på e-post ved førespurnad.

Vegen vidare

Oppgåver og mål for rulleringa er skildra i planprogrammet. Der er det også gjort greie for korleis merknadar blir handsama vidare. Innkomne innspel vil bli behandla administrativt med politisk avgjerd før me går vidare med å utforma eit framlegg til revidert arealdel av kommuneplanen.

Har du spørsmål?

Thorleif Thormodsen Lea
sakshandsamar
E-post
Telefon 53 42 31 65
Til toppen