Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Oppstartsmelding postsmoltanlegg 68/7 mfl. Skålevik

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette varsla oppstart av privat detaljregulering for Skålevik postsmoltanlegg på Goddo i Bømlo kommune. Forslagsstillar er Bremnes Fryseri AS, og Multiconsult Norge AS er fagkyndig og utførande rådgjevar. 

planomriss oppstart smoltanlegg skålevik. kart. - Klikk for stort bilete Multiconsult Bremnes Fryseri ynskjer å utvide eksisterande lokalitet i Skålevik på Goddo, mellom anna for å kunne ha fisken lengre på land før han vert sett ut i sjø. Det vart gjennomført oppstartsmøte med Bømlo kommune 23.10.2020. 

Planområdet 

Planområdet er om lag 72 daa, og omfattar heile eller deler av eigedomane gnr./bnr. 68/1, 3, 4-5, 6, 7, 8, 9, 10 og 69/1, 3, 4, 6, 9 og 1. Plangrensa er vist på vedlagt kart. Det vedlagte planområdet er større enn det som vert den endelege avgrensinga i planframlegget. Dette er gjort for å sikre nok areal til dei endringane som det er ynskjeleg å gjennomføre i planområdet. Planområdet vil bli redusert etter kvart som plassbehovet for dei ulike arealføremåla vert avklart. Den planlagde utbygginga vil i all hovudsak gå føre seg på eigedomar som per i dag er i Bremnes Fryseri sin eige. Bremnes Fryseri har i dag eit settefiskanlegg på gnr./bnr. 68/7, 8 og 69/4.

Reguleringsplanen vil legge til rette for bygging av postsmoltanlegg på land. Det vil truleg verte etablert fleire bygg. Det er per i dag usikkert om- og kva delar av eksisterande anlegg som vert vidareført. Det er òg uklart kor mange byggetrinn det vert snakk om. Det er planlagt utfylling i sjø, for å sikre best mogleg massebalanse, for å auke arealet på sjønivå, og for å leggje til rette for djupvasskai. Det er allereie etablert fyllingar og kaiområde i denne strandsona i dag.

Det føreligg ikkje reguleringsplan for området, og det er heller ingen reguleringsplanar i nærleiken. Gjeldande kommuneplan for Bømlo kommune viser dei aktuelle områda innanfor foreslått varslingsgrense som LNFR-spreidde bustader, reint LNFR- føremål, naustføremål, fritidsbusetnad og næringsbygningar (settefiskanlegg/fiskeoppdrett). Sjøområda i planområdet har arealføremål noverande akvakultur og noverande bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, samt naustføremål.

Melding om konsekvensutgreiing med planprogram 

Planarbeidet er vurdert i høve Forskrift om konsekvensutredning, og det er vurdert at det er krav om konsekvensutreiing (KU) og planprogram for reguleringsplanen. Program for utgreiinga er vist i vedlagt planprogram som vert sendt på høyring samstundes som det vert varsla oppstart av planarbeidet. Oppstartsmeldinga med planprogram vert sendt på høyring til naboar og grunneigarar, aktuelle regionale og statlege mynde, lag og organisasjonar. 

Innspel skal sendast skriftleg på e-post til hib@multiconsult.no eller i brevform til: 

Multiconsult Norge AS avd. Stord 
Kunnskapshuset, Sæ 132 
5417 Stord 

Frist for innspel/merknadar: 24.03.2021 

Det bør presiserast kva som er innspel til oppstartsvarselet og kva som er innspel til innhald i planprogrammet. Etter at innspelsfristen er gått ut, vil innspela bli kommentert og innarbeidd i planprogrammet. Planprogrammet vert deretter vedteke politisk i kommunen. Planprogrammet legg føringar for det vidare planarbeidet. Når planframlegget er ferdig utarbeidd, vert det sendt til kommunen for politisk 1. gongshandsaming. 

Oppstart Skålevik_Vedtak med følgjebrev (PDF, 450 kB)

Oppstart Skålevik_Prinsippsøknad (PDF, 167 kB)

Oppstart Skålevik_Varsel om oppstart av planarbeid med KU (PDF, 176 kB)

Oppstart Skålevik_Varsel om oppstart av planarbeid med KU (2) (PDF, 2 MB)

Oppstart Skålevik_Planprogram KU (PDF, 2 MB)

Oppstart Skålevik_Oppstartsmøtereferat (PDF, 242 kB)

Oppstart Skålevik_Høyringspartar oppstart (PDF, 129 kB)

Oppstart Skålevik_Planomriss oppstart (PDF, 750 kB)

Oppstart Skålevik_Planinitiativ (PDF, 2 MB)

Oppstart Skålevik_Kart kommuneplan (PDF, 370 kB)

Oppstart Skålevik_Flyfoto (PDF, 3 MB)

Til toppen