Reguleringsplan for bustadområde Stavlandskleivane til offentleg ettersyn

Utval for areal og samferdsel har i møte 02.06.2021 sak 46/21 gjort vedtak om at framlegg til reguleringsplan for bustadområde Stavlandskleivane gnr. 108, bnr. 6 m.fl. Stavland planid 201803 vert lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med Plan og bygningslova §12-10.

plankart bustadområde Stavlandskleivane gnr. 108 bnr. 6 - Klikk for stort bileteOffentleg ettersyn av framlegg til reguleringsplan for bustadområde Stavlandskleivane på gmnr.108 bnr. 8 m.fl. Götz AS  Gøtz AS har på vegne av Steinsbø Tomteselskap laga framlegg til reguleringsplan for bustadfelt Stavlandskleivane på Stavland. Området ligg mellom etablert bustadfelt Stavlandsneset og  Ulvsvatnet.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for bygging av til saman ca. 27 stk einebustader/tomannsbustader og ca. 100 stk. konsentrerte bustader med tilhøyrande tilkomstvegar, parkeringsplassar og leikeareal. Området ved Ulvsvatnet som er nytta til bading er sett av til friluftsformål LF1 og LF 2.

Planframlegget er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Bømlo Rådhus, 5430 Bremnes, i tida 09.10.2021 til 22.11.2021.

Gje dine merknadar til planen her

Eventuelle merknader vert å senda innan 22.11.2021 til: Bømlo kommune, Arealbruk Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 Bremnes

eller

Send merknad på e-post til postmottak@bomlo.kommune.no

Bustadområde Stavlandskleivane gnr. 108, bnr. 6 m.fl. Stavland

Til toppen