Skulebruksplanen til offentleg høyring

Kommunestyret gjorde 6. desember 2021 samrøystes vedtak om å sende utkast til Skulebruksplan 2021-2036 til offentleg høyring, med høyringsfrist 06.03.2022.

elev går frå skulebygg - Klikk for stort bileteNye Bremnes ungdomsskule. Magne Langåker Kommunedirektøren fekk i 2020 i oppdrag å rullera Bømlo kommune sin skulebruksplan, og vurdera skulestrukturen i Bømlo. Målet er ein skulestruktur som  har berekraftige kostnader for drift av grunnskulane og at mest mogeleg av midlane som går til skule skal nyttast til å styrkja innhaldet i skulen.

Det vart i 2020 utarbeidd eit planprogram som var ute på høyring. Merknadane som kom var at ein ynskte lang høyringsfrist og at denne ikkje burde vera i sommarferien, samt at ein ynskte brei deltaking med mange involverte. Særleg vart det trekt fram at ein skulle lytta til barn og unge si stemme. Utval for levekår og to representantar frå ungdomsrådet, vart valt til styringsgruppe for planen. Arbeidsgruppa bestod av fagpersonar frå administrasjonen.

På grunn av koronasituasjonen vart prosessen med skulebruksplanen utsett i høve opphaveleg skissert planprogram. Styringsgruppa signaliserte at ein ynskte ein plan mykje lik den som var utarbeidd og vedteken i 2014. Dette har vore førande for arbeidet med planen og prioriteringane som har vore gjort.

Det vart i 2021 tinga ein rapport frå Norconsult med framskriving av folketal og elevtal fram til 2036. Denne rapporten er ein del av vurderingsgrunnlaget. I tillegg er den faktiske utviklinga av elevtalet lagt til grunn.

Merknadar innan 6. mars 2022

Gje dine innspel/merknadar til planen her

Til toppen