Aria Marie Undheim (8) og Stefan Holme (7) i samtale med brannsjef Ove Halleraker.
Simon Knutsson Sortland
Open brannstasjon blir arrangert i veke 38 over heile landet som ein del av den nasjonale brannvernsveka. Tidspunktet er ikkje tilfeldig – hausten markerer nemleg inngangen til ei tid på året då talet på bustadbrannar vanlegvis aukar fordi me brukar meir straum og levande lys.
Viktig for brannførebygging
– Fleire enn 350 brannstasjonar over heile landet inviterer til Open brannstasjon i samband med den årlege brannvernsveka. I distriktet vårt opnar Bremnes brannstasjon portane for store og små besøkjande laurdag 23. september. Open brannstasjon over heile landet har vorte ein fantastisk fin tradisjon, og ein viktig arena for å gje nyttig info om brannførebygging, seier Bjørn Hroar Sortland i Bømlo brann og redning.
Hovudfokus for Brannvernsveka i år er ladevett og generell branntryggleik i heimen. På Open brannstasjon får dei minste lære om branntryggleik. Det blir konkurransar, demonstrasjon av sløkkjeutstyr og høve til å sitje i ein redningsbil.
- Me håpar mange tek turen, og er klare for storinnrykk på brannstasjonen, seier Sortland.
Øv for å vere førebudd
Skular og barnehagar har krav på å gjennomføre jamlege brannøvingar. I heimen har vi ikkje det same kravet, sjølv om dei fleste farlege brannar oppstår der. Nettopp derfor er det viktig å vite kva ein skal gjere ved branntilløp eller brann i heimen. Årlege øvingar der ein bur – gjerne også oftare – vil bidra til at alle i hushaldet i større grad veit kva ein skal gjere om ulykka fyrst er ute.
– Me oppmodar alle til å bruke Brannvernsveka til å prate om, og øve på, kva ein skal gjere om det byrjar å brenne i bustaden. Det treng ikkje vere meir komplisert enn at de avtalar ein møteplass og kven som skal gjere kva. All erfaring viser at dei som har øvd og er førebudd på dramatiske hendingar også handterer dei best, fortel Sortland.
Tips til brannøving heime
Ei brannøving treng ikkje vere komplisert eller innebere fysisk evakuering. Det er ofte godt å starte med ein prat om korleis ein kan unngå brann, og kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne.
- Ta ein prat med heile familien, t.d. ved middagsbordet om kva ein skal vere ekstra påpasseleg med for å unngå brann.
- Prat om kva ein skal gjere om det likevel byrjar å brenne, kva om det byrjar å brenne medan ein søv? Høyrer alle røykvarslaren? Tenk gjennom ulike scenario. Kva om det brenn i trappa? Kva er alternative rømmingsvegar ut? Er det små barn, avtal gjerne kven som tek ansvar for kva barn og snakk med barna om at dei ikkje må gøyma seg.
- Bli samde om ein sikker møteplass ute som alle kjenner godt, til dømes postkassa eller søppelkassa.
- Sjekk ut ulike rømmingsvegar og at dei fungerer, klarer til dømes alle komme seg ned brannstigen?
- Sjekk at røykvarslarane fungerer som dei skal.
- Vit kvar brannsløkkjeutstyret er plassert og korleis det blir brukt og sjekk at det ikkje er gått ut på dato.
- Evaluer øvinga etter gjennomføring. Oppdagar de at ting ikkje fungerer som de hadde tenkt, er det viktig å justera planen og rette eventuelle feil.
Kontaktperson frå Bømlo brann og redning:
Bjørn Hroar Sortland -
avdelingsleiar førebyggjande avdeling
Mobil: 917 14 199
Send e-post
Om Brannvernsveka
Brannvernsveka er eit samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og forsikringsselskapet If.
Les meir om Brannvernsveka
For spørsmål om den nasjonale brannvernsveka, kontakt:
Tor Erik Skaar, kommunikasjonsrådgivar i Brannvernforeningen
Tlf.: 917 24 306 / e-post: tes@brannvernforeningen.no