Opna nytt bufellesskap

Dei fem bebuarane i Risbudalen bufellesskap fekk storfint besøk av varaordførar Ragnfrid Sønstabø og kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal då det nyleg var offisiell opning med snorklypping, kaker og omvising i dei flotte leilegheitane.

Prosjektleiar og forelder Roald Stautland takka alle samarbeidspartnarane med eit kjempebra resultat, og særskilt Habiliteringstenesta i Bømlo kommune som står for den daglege drifta. Han orienterte om den lange men gode samarbeidsvegen frå prosjektstarten i 2018 til innflyttinga i fjor haust. Grunna pandemien har opningsfesten blitt utsett.

- Å få på plass eit slikt unikt bufellesskap og så fine leilegheiter krev ein enorm innsats av alle involverte, både av de bebuarar, foreldre, kommunen og dei som leverer bygget. Me vil takka ale som har vore med å få realisert Risbudalen bufellesskap. Dette har de fem absolutt fortent - gratulera med dagen og nye leilegheitar, sa varaordførar Ragnfrid Sønstabø før ho klippa snora. 

- Trygt og godt miljø

- Å gi ungdomane våre fridom og retten til å bestemme sjølv i eit trygt miljø der dei får god hjelp er det viktigaste for oss foreldre. Her er det alltid godt å kome, me blir møtt med respekt og eg vil difor på vegne av alle foreldrene takka personale i Habiliteringstenesta i kommunen for jobben de gjer, takka Sissel Johnsen.

- Bømlo kommune ynskjer å gratulera bebuarar, tilsette og foreldre med nytt flott Risbudalen bufellesskap. Takk for innsatsen med planlegging og gjennomføring for å realisere dette fine bygget som no blir ein heim for fleire flotte ungdomar. Me ynskjer dykk alle gode dagar og stor trivsel i det nye bygget i åra frametter, helsa kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal.

Etterpå fekk dei inviterte omvising i fellesareal og inne i leilegheitane som ungdomane sjølv har vore med å bestemt korleis skal sjå ut. Her var mykje flotte kombinasjonar med romløysingar, fargeval og eit flott uteområde - alt saman som skapar eit godt bumiljø.

Til toppen