Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Opning av barnehagar 20. april

Skjermdump frå Udir sin Vimeo-barnefilm om gjenopning av barnehagar 20.4.2020. (Utdanningsdirektoratet) - Klikk for stort bilete Måndag 20. april opnar alle barnehagane i Bømlo. Helsemyndigheitane vurderer at me no har kome til ein ny fase i koronapandemien og at det er trygt å opna barnehagar igjen.

Skjermbilde udir barnehageopning foreldrefilm.png - Klikk for stort bilete

Når alle barnehagane i Bømlo opnar opp igjen måndag 20. april vil dei ikkje ha lengre opningstid enn 7,5 timar per dag i veke 17 og 18 (20.4-1.5.) Dette er for å sikra at borna har få vaksne å forhalda seg til den tida dei er i barnehagen. Dei fleste barnehagane ha opningstider mellom kl. 08.00–15.30.

 

Det kan koma endringar dersom din barnehage har trong for å gjera tilpassingar grunna mykje folk i hente-/bringesituasjonen. De vil få meir konkret informasjon om dette hjå eigen barnehage. Etter 14 dagar vert det gjort ny vurdering. 


Informasjonsfilmar ser du her:

 

Mindre risiko for smitte

Helsemyndighetane vurderer at me no har kome til ein ny fase i koronapandemien og at det er trygt å opne barnehagar igjen. Både nasjonale og lokale helsemyndighetar rår til gjenopning fordi fleire større studiar syner at få barn vert alvorleg sjuke av viruset og at barn i mindre grad bringer smitta vidare til andre.
 
Det har ikkje vore større utbrot av smitte blant barn i land som har halde barnehage og skule opne. Barn får oftast milde symptom og då er det mindre risiko for å smitta andre. Basert på det ein no veit, så ser ein at einskilde barn kan bli smitta, men med naudsynte smitteverntiltak er det forventa at ein vil få svært lite smitte.
 
Alle barnehagane i Bømlo følgjer råda i «Veileder om smittevern i barnehager under covid-19utbruddet 2020».
 
Dei tre grunnpilarane for å bremsa smittespreiing er:
1. Sjuke personar (barn og tilsette) skal ikkje vera i barnehagen
2. God hygiene
3. Redusert kontakthyppighet mellom personar.
 
Les også artikkel i Bømlo-nytt: Førebur seg på skule- og barnehageopning
Foreldrebetaling vil bli som før, i tråd med forskrifta:
 
 
 
 
Sist endra 23.04.2020 18:23
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 55
Mobil:
957 50 151
Tittel:
rådgjevar oppvekst
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering