Opningsfest for sansehagen

I strålande solskin kunne ordførar Sammy Olsen offisielt innvia den nye sansehagen utanfor post 2 sør ved Bømlo bu og helsesenter tysdag 6. september. Saman med bebuarar, pårørande, administrasjon og personell vart det feira med kaffi, lappar og kake.

ordførar klippar blomesnor - Klikk for stort bileteOrdførar Sammy Olsen kutta vivendelen under den offisielle opninga av sansehagen ved Bømlo bu og helsesenter. Simon Knutsson Sortland - Det er viktig å ha ein slik plass der bebuarane og dei pårørande kan få frisk luft og ha det triveleg i lag. Personellet og alle andre som har stått for organiseringa og arbeidet med denne sansehagen har gjort ein flott job, rosar verksemdsleiar Monica Smedsrud.

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og verksemdleiar for teknisk drift Vardan Vardanyan deltok også på opninga. - Det er Sakseide gartneri som har stått for plantinga, Steintøft har utført alt grunnarbeid medan vår avdeling har ansvaret for planlegginga, fortel Vardanyan.

Stor velvilje

- Me har fått levert tremøblane frå Steinar Ånderå, og personalet her har vore med på planlegginga, opplyser avdelingsleiar Chatrin Pedersen Risøy. Ho vil også takka for store gåver frå pårørande og Demensforeninga på Bømlo som gjer at sansehagen kan utviklast vidare, og med ulike aktivitetar.

Både bebuarane og pårørande hadde ei triveleg stund saman med ordføraren og personalet i den lune og fine hagen. Her er mellom ana planta eplehekk, buskar og blomar. Det er god plass til ulike aktivitetar.

Til toppen