Oppblomstring av blågrønalger (cyanobakteriar) i Storavatnet

Det er observert grønfarge i Storavatnet på Svortland i området heilt vest i vatnet. Dersom vatnet er grumsa, misfarga eller har eit belegg på overflata skal ein ikkje bade i vatnet, og ikkje la dyr drikke av vatnet.

- Bømlo kommune har motteke melding om at det er observert grønfarge i Storavatnet i området heilt vest i vatnet. Slik misfarging av vatnet skuldast som regel oppblomstring av det som blir kalla blågrønalger, som eigentleg er bakteriar (kalla cyanobakteriar på grunn av fargen). I vår kommune er det særleg Storavatnet som er i risiko pga innhaldet av næringsstoff (forureining) i vatnet, iopplyser landbrukssjef Njål Gunnar Slettebø.

- Ingen bading 

Cyanobakteriar er til stade både i saltvatn og ferskvatn. Ved gunstige tilhøve med nok næring og varme kan talet på cyanobakterier auke raskt. Dette kan føre til at vatnet vert tydeleg mindre klart – og kanskje endrar farge til grønaktig, melkeaktig eller andre fargenyansar. I nokre høve flyt mikrobane opp og lagar ei tydeleg grumset hinne på vatnet – vassblomst. Slik oppblomstring skjer gjerne i perioden juni til oktober.  

Cyanobakterier er i mange høve ufarlege, men kan òg produsera giftstoff som er farlege både for dyr og menneske. Både oppblomstring av bakteriar og giftproduksjon kan oppstå særs raskt, og det er ikkje mogleg å halde kontroll med at det ikkje er giftstoff til stades. Det er difor viktig å halde seg unna vatnet når det er teikn til misfarging.

Dersom vatnet er grumsa, misfarga eller har eit belegg på overflata skal ein ikkje bade i vatnet, og ikkje la dyr drikke av vatnet.

Til toppen