Oppdaterer generell beredskap

Bømlo kommune har hatt jodtablettar utplassert i barnehagar og skular sidan 2018, først og fremst som ein beredskap dersom det skulle skje eit forlis av eit atomdrive fartøy langs kysten. Krigen i Ukraina har gjort at det har blitt eit ekstra fokus på atomberedskap, og apoteka har vore utselde for jodtablettar.

Eit eventuelt utslepp i Ukraina vil sannsynlegvis ikkje gjere det naudsynt å bruka jodtablettar i Noreg grunna den store avstanden. Det har likevel vore ei påminning om å oppdatera den beredskapen som finst.

- Grunnen til at ein har jodtablettar i barnehagar og skular, er at barn og unge er særleg utsett for opptak av radioaktivt jod dersom det er slik forureining i lufta. Det aukar risikoen for kreft i skjoldbrukskjertelen seinare. Ved å gi ein stor dose med normalt jod før atomskya kjem, vil skjoldbruskkjertelen vera metta med jod og ikkje ta opp radioaktivt jod. I tillegg til at slike jodtablettar er tilgjengeleg der barn og unge oppheld seg på dagtid, er det tilrådd at du har slike heime dersom det er personar under 40 år i heimen, forklarar kommuneoverlege Kjersti Follesø.

Ber om samtykke

Bømlo kommune sender i desse dagar ut eit informasjonsskriv til føresette til barn og unge under 16 år. Her vert det bedt om samtykke til å administrere jodtablettar dersom det skulle skje ei hending der kriseutvalet for atomberedskap tilrår inntak av jod. Dette er ikkje grunna i eit aktuelt trusselbilete, men ei oppdatering av den generelle beredskapen i kommunen.

Om jodtablettar / radioaktivt nedfall

DSA: Ukraina - atomtryggleik og beredskap

Til toppen