Oppdatering om gravearbeid i Leirdalsvegen

Gravearbeida i Leirdalen går sin gang, men ligg litt etter skjema fordi ein i gravinga støytte på overraskingar som ukjende og ikkje-kartlagde røyr med meire. Stord Anlegg AS har utarbeidd ein faseplan over fem etappar for gjennomføring av arbeidet .

Me er no inne i fase 4 i entreprenøren sin framdriftsplan (sjå vedlagt faseplan), der dei grev seg gjennom og over innkøyringa til Beinahaugsvegen. Innkøyringa er dermed trong, men farbar for dei fleste køyretøy. Sjølv om entreprenøren meiner at det let seg gjere, vil det truleg by på utfordringar for semi-trailarar å komme seg inn i Beinahaugsvegen, men om ettermiddagen måndag 17. oktober skal vegen vere farbar også for desse.

Fase 5 vert truleg avslutta i slutten av denne veka, om alt går etter planen. Leirdalsvegen vil vere farbar, som vist på faseplanen, også for semi-trailarar. Det gjeld for denne fasen som for dei andre fasane, at ein må pårekne litt ekstra tid for passering av gravestaden, men entreprenør forsøker å utføre jobben smidigast mogleg og med omsyn til trafikkmønsteret til dei mest kritiske funksjonane i Leirdalen. I fase 5 avrettar entreprenør for asfalteringa som vil gå føre seg i tida etter.

- Me vil prøva å legga til rette for at bu og helsesenteret og heimetenesta skal venta minst mogleg. Det vil likevel kunne oppstå noko venting, opplyser prosjektleiar Sigmund V. Notland i Stord Anlegg AS.

- Me ber om forståing og tolmod. Samstundes beklagar me umaken vegarbeidet påfører dykk, seier prosjektleiar Erlend Flornes Skaret i Bømlo kommune

dronefoto med innteikna merker for gravearbeid - Klikk for stort biletePlan for gravearbeid i Leirdalsvegen. Stord anlegg

 

Til toppen