Oppfriskningsdose 75+ (dose 4)

Folkehelseinstituttet (FHI) tilrår ny oppfriskingsdose med koronavaksine for personar 75 år og eldre frå 01.07.2022.

Det skal ha gått minst 4 månader frå førre vaksinedose. Også dei som har gjennomgått korona i denne aldersgruppa er tilrådd oppfriskingsdose, men det skal ha gått minst 3 veker sidan du blei frisk igjen før du tek vaksine. Eit lengre intervall vil gi enno betre immunrespons. Vaksinasjonskapasiteten er redusert i ferietida, og dei eldste vil bli prioritert først, i tråd med tilråding frå FHI. Dei som ønskjer vaksine i sommar kan ta kontakt på Helsestasjonstelefonen 53 42 33 37 mellom kl. 08.30.-11.00 eller sende e-post til vaksine@bomlo.kommune.no

Det er framleis høve til å bestille time til vaksinasjon for dei som ikkje er fullvaksinert (tre doser, eller to doser og gjennomgått sjukdom for vaksne). Personar 65 år og eldre, og personar 18-74 år med underliggande sjukdomar er tilrådd ein ny oppfriskingsdose med oppstart av vaksinasjon kring 01.09.2022. Det vil bli sendt ut invitasjon til å setje seg opp på time over ferien.

Til toppen