Opphevar totalforbodet

- Totalforbodet mot å gjere opp open eld, forbod mot å grilla i og i nærleiken av skog og utmark er no oppheva, opplyser brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning. 

Bålpannekos - Klikk for stort bilete

I dei siste vekene har det vore ein ekstrem skogbrannfare på Vestlandet, og difor innførte alle kommunane på Haugalandet og i Sunnhordland bålforbod og forbod mot å grilla i og i nærleiken av skog og utmark. Dette gjaldt også på tilrettelagte grill- og bålplassar. No har det endeleg kome regn, og faren er difor over for denne gang.

 

- Forbodet er difor oppheva, men me gjør merksam på at einskilde kommunar har eigne forskrifter som likevel regulerar bruk av open eld, melder brannsjefane i Haugesund, Karmøy, Utsira, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Etne, Suldal, Sauda, Sveio, Bømlo, Stord og Fitjar.

Sist endra 14.06.2018 15:43
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 31 24
Mobil:
415 61 144
Tittel:
brannsjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering