Ordføraren vitja Foldrøy skule

Ordførar Morten Helland og varaordførar Ragnfrid Sønstabø vart møtt av glade elevar tysdag då turen var komen til Foldrøy skule på deira vitjingsrunde til dei kommunale verksemdene.

- Her kjem ordføraren, vart ropa ut og elevane flokka seg kring ordførarduoen vår før dei var komen ned brekka til skulen. Dei var tøft kledde som 100-åringar då 1. klassingane feira sine første 100 dagar som skuleelevar. Det var damer i skjørt og skaut og menn med frakk og sixpence. Etter ein kort passiar gjekk elevane tilbake og leika på dei nye apparata i skulegården.

“Foldrøyånda”

Rektor Vibeke Dahl tok imot og helsa ordføraren velkomen til kaffi og heimelaga sjokoladekake. Tre av dei fire pedagogisk tilsette deltok på møtet. Dahl kunne opplyse at dei har, eller har hatt, born frå både Ukraina, Syria, Kina, Thailand, Litauen og Russland i elevflokken som tel 40 personar på 1.-7. trinn. 

- Me er ikkje ei einsarta gruppe fordi om me er ein liten skule, og me står føre dei same utfordringane som alle andre skular. Likevel har me eit godt elev- og arbeidsmiljø og samarbeid med heimane. Her har me tid til kvarandre og ser kvar einskild, understreka rektor. 

Tema som vart diskutert var både skulekvardag, skulepolitikk, lokalmiljø og rekruttering av lærarar. Framsnakking av både skulen, læraryrket og lokalmiljøet var alle samde om er viktig. Kontaktlærar for 5.-7. trinn Fredrik Christensen fortalde om “Foldrøyånda” som er unik og som overraskar nye lærarar positivt. 

- Det er både fordelar og ulemper uansett storleik på skulane, og så er det ein del nasjonale føringar og samfunnstrendar som pressar på. Men me er her først og fremst for å lytta og læra, understreka ordførar Morten Helland før dei fekk omvisning på skulen. Han og Sønstabø har vitja seks av skulane våre så langt.

Til toppen