Personalsjef - ny og ledig stilling

Bømlo kommune har frå 2. januar 2018 ledig nyoppretta 100 % stilling som personalsjef. Stillinga rapporterer til rådmannen og inngår i rådmannen si strategiske leiargruppe.

Arbeidsmiljøprisen 2012_plakett (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune er ein godt utbygd øykommune i Sunnhordland med ca. 11800 innbyggjarar. Kommunen er landfast via Trekantsambandet. Bømlo har allsidige service- og kulturtilbod, gode fritidstilbod, vakker og variert natur og gode kommunikasjonstilhøve.

 

Personalsjefen har ansvar for utvikling av personalpolitikken i Bømlo kommune og personalansvar for dei tilsette ved personalavdelinga.

 

Avdelinga har fylgjande arbeidsoppgåver: 

  • Utarbeida og implementera overordna reglar og retningslinjer/rutiner i personalspørsmål
  • Informasjon og fagleg støtte til personalforvaltninga i verksemdene
  • Rådgjeving til og motivering av leiarar og medarbeidarar
  • Kontakt og samarbeid med tillitsvalde
  • Lønnsspørsmål, avtaleverket og forhandlingar
  • Arbeidsmiljøspørsmål
  • Lærlingordninga
  • Utvikla, koordinere og administrera kompetanseutviklingstiltak

 

Me ynskjer ein person med:

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet med praksis frå personalarbeid i offentleg eller privat verksemd.
  • Kjennskap til kommunalt avtaleverk vil vera ein føremon.
  • Personlege eigenskapar som samarbeidsevne, forhandlingsstyrke, evne til kommunikasjon og sjølvstende vil verta tillagt stor vekt.

 

Tilsettinga skjer i tråd med gjeldande avtaleverk. Løn etter avtale.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til rådmann Geir E. Aga - 53 42 30 52 / 941 71 093 og organisasjonssjef/ass. rådmann Aud Gunn Løklingholm - 53 42 30 63 mob. 915 56 750.

 

Søk elektronisk her innan 30.10.2017

Sist endra 17.10.2017 14:12
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 30 52
Mobil:
941 71 093
Tittel:
rådmann
Bunnhjørne
Telefon:
53 42 30 63
Mobil:
915 56 750
Tittel:
organisasjonssjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering