Populær språkkafè i Bømlo kulturhus.
Simon Knutsson Sortland
Denne oppstartsonsdagen var det flest elevar ved Bømlo vaksenopplæring som deltok, eit samarbeid mellom dei og Bømlo folkebibliotek. Det er plassert to språkvertar ved kvart bord der å nytta engelsk er "bannlyst". Men litt hjelp av Google translator og andre appar må til når ein står heilt fast.
Sosialt kontaktpunkt
- Språktrening er sjølvsagt viktig, men føremålet er like mykje å skape eit sosialt kontaktpunkt der ein kan møte andre med felles interesser som til dømes idrett, kultur, kunst med meire. Her kan dei også knyta kontakt med ulike lag og organisasjonar, påpeikar programansvarleg Øystein Kausrud ved Bømlo folkebibliotek. Han vonar fleire vil nytta seg av tilbodet som finn stad kvar onsdag klokka 13.30-15.00 fram til 7. desember no i første omgang.
- Eg kan litt polsk og engelsk i tillegg til russisk, men norsk synest eg er svært vanskeleg, fortel ukrainske Natalia. Frisør- og negledesigneren og sonen på åtte år er blant dei 23 ukrainske flyktningane som til no er busett i kommunen vår. Etter mottaksperiodenpå Råde i mars og eit opphald i Bergen kom dei til Bømlo i august. Mannen er sjåfør i den ukrainske hæren.
Rundt bordet satt også ei naturfaglærar og elektrikaren Sezhil som tidlegare jobba ved atomkraftverket i Tsjernobyl. Han kom åleine til Bømlo i juni. I biblioteket var det rundt 40 deltakarar på dagens Språkkafè. Etter latteren og summinga å dømme er tiltaket framleis særs populært.