Rådgjevar 100% fast stilling - IKT-avdelinga

IKT-ansvarleg Andre Thinh Nguyen og IKT-rådgjevar Atle Midtbø fekk ein travel start på veka etter at lyn- og torevêret har slått ut fleire telefonar, pc-ar og anna utstyr. - Klikk for stort bilete

IKT-avdelinga har ledig fast 100% stilling som rådgjevar frå snarast. 

IKT-avdelinga heldt til i rådhuset med 5 fast tilsette og 3 lærlingar. Avdelinga driftar kommunen sine IKT system og telefoniløysningar. Dette inneber mellom anna drift av omlag 1600 PC-ar, over 100 serverar, to SAN, robotisert backup, nærare 50 fagapplikasjonar, Palo Alto, Cisco ASA, Citrix, VMWare, SQL, Windows servere, over 100 switchar, eit stort trådlaust nettverk og IP-telefoni over heile kommunen.

 

I tillegg driftar avdelinga sak- og arkivsystemet ePhorte for fleire kommunar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av felles- og fagsystem
  • Rådgjeving i samband med teknologi, programvare og maskinvare
  • Drift, support, installasjon, analyse, feilretting og vedlikehald av Datasenter (SQL database, Windows server, Net & IIS)
  • Vera med i planlegging, drift og vidareutvikling av kommunen sine nettverk- og sikkerheitsløysningar
  • Prosjektdeltaking og prosjektgjennomføring

Stillinga rapporterar til: Avdelingsleiar IKT

 

Kvalifikasjonar:

  • IKT utdanning frå høgskule/universitet.  Relevant og dokumentert erfaring kan kompensera for utdanningskravet
  • Gode kunnskapar og relevant erfaring frå driftsmiljø basert på Microsoft plattform
  • Gode kunnskapar og relevant erfaring innan server, lagring og nettverk
  • Kjennskap eller erfaring med Linux
  • Føremon med erfaring med Elasticsearch, Chocoinstall og Kibana

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er utåtvend, ansvarsbevisst og strukturert
  • Du er lærevillig og med ynskje og evne til god fagleg utvikling
  • Du er serviceinnstilt, kreativ og løysningsorientert
  • Du er sjølvstendig men arbeidar godt i team
  • Du må beherska norsk skriftleg og munnleg
  • Du bør ha førarkort klasse B.

 

Me tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn og tilsettingsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk.

 

Kontaktperson: Avdelingsleiar IKT  Andre Thinh Nguyen 53 42 30 42

 

Elektronisk søknad innan:  21.10.2018

 

 

 

Publisert av Jostein Sæverud. Sist endra 11.10.2018
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering