Rådhuset og biblioteket er blitt Miljøfyrtårn

Bømlo kommune har fått sertifisert rådhuset og Bømlo folkebibliotek som Miljøfyrtårn. Onsdag vart dette markert med overrekking av plakett og kake i rådhuset. - Bømlo kommune er den største verksemda i kommunen, og har soleis eit ansvar for å gå føre som ein god rollemodell for miljø- og samfunnsansvar, seier ordførar Sammy Olsen.

Miljøfyrtårnsertifiseringa er eit synleg prov på at kommunen tek eit aktivt miljø- og samfunnsansvar, og bidreg til grøn omstilling. Ei synleg endring på miljøsatsinga i rådhuset er sorteringsstasjonane for avfall i kvar etasje. Teknisk drift sin base i Hollundsdalen med sine sorteringssystem er eit anna godt døme. Dette og dei politiske prosessane og vedtaka vart trekt fram under ei markering på rådhuset onsdag 8. september. Her deltok i tillegg til ordføraren personalsjef Vanja Espeland, verksemdleiar teknisk drift Vardan Vardanyan og rådgjevar Svein Stavland som har hatt hovudansvaret for arbeidet med miljøsertifiseringa på rådhuset. Prosjektleiar Jon Eirik Kvalnes frå Stord kommune deltok også. 

Del av det grøne skiftet

Bakgrunnen for sertifiseringa er at Samarbeidsrådet/Visit Sunnhordland jobbar for å nå Merket for Bærekraftig reisemål. For å få dette merket måtte tilhøyrande kommunar vera miljøsertifisert. Eit samla styre i Samarbeidsrådet var tydeleg på at regionen ynskjer å vera ein del av det grøne skiftet og ta tak i dei moglegheitene og utfordringane knytt til å utvikla reiselivet i ei berekraftig utvikling. Dette var  eit flott høve for Bømlo kommune til å komma i gang.

Kommuneplanen sin samfunnsdel inneheld og ei rekkje målsettingar som er samstemte med innhaldet i FN sine berekraftsmål. Bømlo kommune legg desse berekraftmåla til grunn i kommuneplanarbeidet vårt. Ei miljøsertifisering vil vere eit rett steg på vegen mot å bidra til å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål. 

- Kommunen har fokus på det grøne skiftet og det er positivt at Bømlo, saman me andre kommunar i regionen, tek tak i moglegheiter og utfordringar knytt til å utvikla reiselivet og regionen generelt i ei meir berekraftig retning. Me er ein viktig rollemodell og premissgjevar i klimasamanheng i form av at me er både planmynde og ein stor arbeidsgjevar, i tillegg til at me eig og driftar mange store bygg, seier personalsjef Vanja Espeland i Bømlo kommune. Ho vonar Miljøfyrtårn-sertifiseringa vil inspirera dei tilsette til å tenkja miljøvenleg i arbeidskvardagen sin.

- Målet er å sertifisera fleire kommunale verksemder og me gler oss til å sjå små og store forbetringar på den kommunale miljøfronten, legg Espeland til.

Bømlo folkebibliotek vil ha si eiga markering noko seinare.

Til toppen