Rådmannen fekk gåve

Karikaturteikning av rådmann og ordførar i Bømlo kommune - laga av Lars Slettebø. - Klikk for stort bilete

 

Bømlo formannskap ved ordførar Odd Harald Hovland overrekte gåve og lovord på sist formannskapsmøte til rådmann Geir E. Aga i samband med hans 60-årsdag. Gåva var ei karikaturteikning laga av Lars Slettebø - ei gåve som falt i særs god smak hjå jubilanten. 

Før formannskapsmøtet tok til nytta ordførar Odd Harald Hovland høvet til å gratulera rådmann Geir E. Aga med vel overstått 60-årsdag. Hovland peika på rådmannen sitt virke både som toppleiar i det private næringsliv og som kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett før han blei rådmann i Bømlo kommune. Sjølv om han også har fartstid som ferjebillettør, må ikkje forvekslast med han på Fitjar, er rådmannen pedagog i botn.

 

- Med stor og tung formalkompetanse samt ein god jobb som kommunalsjef var me trygge på å få ein god rådmann då du søkte og vart tilsett. Du lagar gode og ryddige saker, og ser heilskapen, rosa ordføraren i si helsing.

 

Rådmann syner fram karikaturteikning. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Karikaturteikninga syner ein jovial rådmann i Trott-drakt på full fart inn i Bømlo rådhus. Ordføraren held fram ei Bremnes IL drakt og seier han bør ta den på seg før han går inn. Geir E. Aga er formann i Trott IL.

 

 

 

Sakskartet og møteprotokoll (når den ligg føre) finn du her

Sist endra 05.09.2018 15:26
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering