Rammeavtale med OG arkitekter

Prosjeksjef John N. Nesse og sivilarkitekt Gunnar Knudsen Rosendahl (t.h). (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Bømlo kommune har nyleg inngått ein rammeavtale for arkitekttenester med bergensbaserte OG Arkitekter AS.

 

Underteikning av arkitektavtale. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Nyleg vitja dagleg leiar Osmund Lie og sivilarkitekt/plankonsulent Gunnar Knudsen Rosendahl frå OG Arkitekter AS Bømlo kommune for å presentera seg og underskrive rammeavtalen. Rådmann Geir E. Aga hadde med seg prosjektsjef John Nordseth Nesse og rådgjevar for innkjøp/ehandel Ilja Serov på den offisielle underteikninga i formannskapssalen.

 

Avtalen er på 2 år med eitt års opsjon og inneber arkitekttenester som skisseprosjekt, forprosjekt, detaljprosjekt, anbod/funskjonsbeskriving, produksjon og garanti. Rådmannen presenterte kommunen og aktuelle prosjekt der rammeavtalen kan bli nytta. Det kan til dømes vere omsorgsbustader, ny brannstasjon, rådhuset, utbygging/tilbygg skular og aktivitetsbygg med meire.

 

Sist endra 24.10.2018 13:40
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering