Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Raskare svar på koronatestar

Frå torsdag 2. juli kan du sjølv sjå svaret på koronatesten din på Helsenorge.no så snart prøven er analysert og besvart. Helsepersonell får sjå svaret via kjernejournal.

Lege og sjukepleiar i smittevernutstyr. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

På oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet og Direktoratet for e-helse har Folkehelseinstituttet (FHI) og Norsk Helsenett (NHN) på kort tid utvikla eit system for å vise covid-19-relaterte prøvesvar til pasientane på Helsenorge.no – og til helsepersonell i kjernejournal.

 
–  Me reknar med at dette vil bidra til raskare informasjon til pasienten og helsepersonell. Dette er særleg viktig no under pandemien, seier seniorrådgjevar Astrid Løvlie i avdeling for smittevernregistre, Folkehelseinstituttet.
 

Raskt tilgjengeleg prøvesvar

No slepp den enkelte å venta unødig og å ringa legen for å få sine prøvesvar. Heretter kan du logga deg på Min helse på Helsenorge.no for å sjå svaret etter at prøven er ferdig analysert. Her kan du også sjå svar på andre prøvar for luftvegssinfeksjon som ble tatt samstundes.
 
Prøvesvara vert sende frå alle landet sine laboratorier til den nyoppretta laboratoriedatabasen i Meldesystem for smittsomme sykdommer (MSIS), samstundes som dei vert sendt til legen. Er du usikker på korleis resultata skal forståast, må du kontakte lege.
 
– Raskare tilgang til prøvesvar gir betre smittevern. Om ein får påvist covid-19 skal ein straks isolera seg, og husstandsmedlemmer og tilsvarande nære kontaktar skal frå då av vere i karantene. Når det positive prøvesvaret ligg føre kan også smitteoppsporing for å kartlegga alle nærkontaktar byrje, seier overlege Trude Arnesen i avdeling for smittevern og vaksine i Folkehelseinstituttet.
 
 
Sist endra 09.07.2020 15:25
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering