Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Re-godkjend som trafikksikker kommune

Bømlo kommune vart re-godkjent som trafikksikker kommune av Trygg Trafikk gjeldande ut 2022. Kommunen vart fyrste gong godkjend i 2017.

Representantar frå Trygg Trafikk og Bømlo kommune samla til gruppebilete etter regodkjenning som trafikksikker kommune.  - Klikk for stort bilete

Onsdag 24.06 kom Anders Havdal frå Trygg Trafikk Norge og Audun Heggestad frå Trygg Trafikk Vestland til Bømlo der dei blei ønskt velkommen av ordførar Sammy Olsen. Dei skulle sjekke ut om Bømlo fortsatt var innafor kriteria for å kunne vere godkjent som trafikksikker kommune.

Bømlo vart godkjent november 2017, og har no vore gjennom ein re-godkjenningsprosess, då godkjenning er gjeldande for 3 år om gangen.
 
Kommunen som organisasjon og samarbeidspartar som barnehagane og frivillige lag og organisasjonar fekk positiv omtale av Trygg Trafikk. Når sjekklista var gjennomgått kunne ein konstatere at Bømlo kommune fortsatt er godkjent som trafikksikker kommune gjeldande ut 2022.
 
 
Blomeoverrekking. - Klikk for stort bilete Kvinne held skilt trafikksikker kommune. - Klikk for stort bilete Kvinne held skilt trafikksikker kommune - Klikk for stort bilete Ordførar utanfor rådhuset med regodkjend skilt for Trafikksikker kommune 2020-2022 - Klikk for stort bilete
Sist endra 25.06.2020 16:29
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 58
Mobil:
481 72 775
E-post:
Tittel:
folkehelsekoordinator
Bunnhjørne
Kommunale tenester (1)
 
Login for redigering