Allereie registrert for koronavaksine?

Bømlo kommune oppmodar heile befolkninga over 18 år om å registrere seg for koronavaksine. Har du allereie registrert deg? Då treng du ikkje ringe Vaksinetelefonen for å sjekka om du er registrert. 

Regjeringa letter på koronatiltak for born, unge og studentar- 20.02.2021

Regjeringa fører i hovudsak vidare dei nasjonale smitteverntiltaka, men det blir lette i tiltaka for born, unge og studentar. Endringa er at det vert opna opp for inntil 100 personar på innandørs arrangementer med «faste plassar», idrettsarrangement og konkurransar, men ikkje for arrangement som kryssar kommunegrensene.

Endringa trer i kraft frå natt til tysdag 23. februar med ny vurdering av tiltaka i midten av mars. «Faste plassar» betyr ikkje fastmonterte seter, men tilvist plass med minst 1m avstand til personar frå annan husstand. Tilrådinga om at vaksne bør vente med organiserte fritidsaktiviteter er ikkje endra, men er framleis ei tilråding og ikkje forskriftsfesta.

Les her om Regjeringa sine letter i smittetiltak for born, unge og studentar

Avventar med større arrangement

- Bømlo kommune har fram til no tilrådd å ikkje vere meir enn 20 ved organiserte fritidsaktivitetar innandørs, og med minst to meter avstand ved høgintensiv aktivitet som fysisk trening eller synging. Denne tilrådinga gjeld framleis, seier smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

Regjeringa påpeika at det er teikn som tydar på at smitten er aukande, og dei muterte virusa kan gjere situasjonen særleg krevjande dei neste to månadane. Det vart understreka at når det blir gjort lette på nokre tiltak så må det strammast inn på andre.

Til toppen