Rein Hardangerfjord & strandryddedag

Bli med på årets strandrydding! 

Bømlo har lang tradisjon for strandrydding. I år har stiftinga Framtidshavet, Hardangerrådet IKS og Samarbeidsrådet for Sunnhordland IKS gått saman om det som ligg an til å verta verdas største ryddeaksjon. Heile Hardangerfjorden skal ryddast frå innerst og heilt ut til havgapet ved Bømlo under den nasjonale Strandryddeveka i september.

Gå gjerne inn på Rein Hardangerfjord sine sider for å læra meir om plastrydding

Deltaking og registrering 

Me vonar så mange som mogleg vil delta på aksjonen - sjå www.reinhardangerfjord.no for heile programmet - Den store aksjonen vil vera 15. september, men ryddeaksjonane vil pågå heile veka!

Plassering av kontainarar

Kontainarane blir set ut 15./16. september og blir henta inn 19. september. Det er sekkerullar ved kontainarane. 

  • Bømmelhamn
  • Eidesvik kai
  • Zahlkaien
  • Lykling (kommunal kai)
  • Gjestehamn FInnåskanalen
  • Moster gamle fergekai
  • Grindheimsvågen - Moster
  • Alvsvåg
  • Rolfsnesvika
  • Erevik kai
  • Foldrøy
Til toppen